Kurz gefasst
Fachartikel in der Zeitschrift Målbryting, 2023. Verfasst von Britt Iren Nordeide. Der Volltext ist frei zugänglich (Open Access, CC BY 4.0).
Abstract (Originalsprache)
Det er eit krav til lærarar som underviser i skulen i Noreg at dei meistrar både nynorsk og bokmål. Fleire undersøkingar viser at lærarutdanningsinstitusjonane ikkje sikrar denne kompetansen, og at lærarstudentane som kjem ut i skulen, har for dårleg kompetanse i nynorsk. Denne studien undersøkjer haldningane lærarar under vidareutdanning har til nynorsk, og samanhengar mellom haldningar og den faglege bakgrunnen til lærarane, skriftspråkbakgrunnen deira og den skriftspråklege praksisen deira. Til grunn for studien ligg ei online spørjeundersøking der respondentane er grunnskulelærarar som var studentar på eit nettbasert Kompetanse for kvalitet-kurs i norsk studieåret 2019/2020 ved Høgskulen på Vestlandet. Kurset rekrutterer studentar frå heile landet, og det store fleirtalet av studentane definerer seg sjølve som bokmålsbrukarar. Artikkelen bidrar med innsikt i haldningar som eit utval lærarar har til nynorsk i opplæringa, og i eventuelle samanhengar mellom dei sjølvrapporterte haldningane og bruken av nynorsk i undervisninga. Eit hovudfunn er at lærarane i undersøkinga kjenner ulik grad av kompetanse, og såleis meistring, i nynorsk og bokmål, og dette kjem til uttrykk når dei utøver yrket sitt. Det er vidare ein svak tendens til at respondentane som har bakgrunn frå grunnskulelærarutdanningane, er noko meir positive til nynorsk enn dei som har bakgrunn frå dei andre utdanningsgruppene som er representerte i undersøkinga.
Zitieren
APA
Nordeide, B. I. (2023). "Jeg har aldri brukt nynorsk før". Målbryting. https://doi.org/10.7557/17.6196
Vancouver
Nordeide BI. "Jeg har aldri brukt nynorsk før". Målbryting. 2023. doi:10.7557/17.6196
BibTeX
@article{Nordeide2023,
author = {Nordeide, Britt Iren},
title = {"Jeg har aldri brukt nynorsk før"},
journal = {Målbryting},
year = {2023},
doi = {10.7557/17.6196}
}
EUVIMED