Lex lekser. Frå læraransvar til heim- og elevansvar: Ei læreplanhistorisk dokumentanalyse av lekser i grunnskulen 1936–1998
Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk · 23.04.2026 · 12 (1)
DOI: 10.23865/ntpk.v12.7119 ↗Kurz gefasst
Fachartikel in der Zeitschrift Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, online erschienen am 23.04.2026. Verfasst von Elisabeth Rønningen und 1 weiteren Autor:innen. Der Volltext ist frei zugänglich (Open Access, CC BY 4.0).
Abstract (Originalsprache)
Omtalen av lekser i skulen sine styringsdokument har variert historisk. Denne variasjonen har ført til at myndigheitene har vore uklare om kva lekser faktisk er, kva leksepraksisen krev, og kven han stiller krav til. Vi undersøkjer nærmare: Kva politiske og pedagogiske idear og ideal kjem til uttrykk gjennom måten lekser er omtala på i skulen sine styringsdokument frå 1936 til 1998? Korleis er lærar, elev og innhaldet i skulen skildra i denne omtalen? Artikkelen byggjer på ein praksisorientert dokumentanalyse av historiske lov- og læreplanverk med tilhøyrande førearbeid og grunnlagsdokument. Analysen peiker på eit didaktisk skifte frå ei sentrering rundt læraren sitt ansvar for undervisninga til at ansvaret for utbytet av opplæringa har blitt skyvd over på heimen og den enkelte eleven. Framveksten av ein slik individualiserande «læringspolitikk» blir ofte sett på som ei fylgje av den evidens- og resultatbaserte skulepolitikken som blei etablert på 90- og 2000-talet, men vi viser at det didaktiske kursskiftet truleg starta før. Artikkelen sitt kritiske bidrag er difor å både problematisere ansvarsforskyvinga og vise at «læringspolitikken» har historiske spor i skule- og læreplanhistorie lenge før tusenårsskiftet. English abstract Homework Regulation. From Teacher Responsibility to Pupil and Home Accountability: A Curriculum-Historical Document Analysis of Homework in Formal Schooling 1936–1998 Whether and how homework has been discussed in schools’ governing documents have varied historically. Hence, what homework is or is not, what the homework practice demands and from whom, has had diverse governmental expressions. We ask: What political and pedagogical ideas are expressed through the way homework is referred to in school’s governing documents from 1936 to 1998? How is the teacher, the student, and the school content described in these expressions? We apply a practice-oriented document analysis of historical curriculum plans and legal documents with their corresponding preparatory and foundational documents. The analysis identifies a didactical shift from a teacher centered responsibility for teaching to the accountability of pupils and the home for the outcome of education. The rise of such an individualizing “politics of learning” is often attributed to the politics of education based on evidence and results established around the last decades. The article’s critical contribution is to problematize this shifted responsibility, and to show that this “politics of learning” has historical roots in school and curriculum history dated long before the turn of the century.
Zitieren
APA
Rønningen, E., & Djupedal, E. F. (2026). Lex lekser. Frå læraransvar til heim- og elevansvar: Ei læreplanhistorisk dokumentanalyse av lekser i grunnskulen 1936–1998. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 12(1). https://doi.org/10.23865/ntpk.v12.7119
Vancouver
Rønningen E, Djupedal EF. Lex lekser. Frå læraransvar til heim- og elevansvar: Ei læreplanhistorisk dokumentanalyse av lekser i grunnskulen 1936–1998. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk. 2026;12(1). doi:10.23865/ntpk.v12.7119
BibTeX
@article{Rnningen2026,
author = {Rønningen, Elisabeth and Djupedal, Elise Farstad},
title = {Lex lekser. Frå læraransvar til heim- og elevansvar: Ei læreplanhistorisk dokumentanalyse av lekser i grunnskulen 1936–1998},
journal = {Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk},
year = {2026},
volume = {12},
number = {1},
doi = {10.23865/ntpk.v12.7119}
}
EUVIMED