EUVIMEDEUVIMED entdecken
Open Access · CC BY 4.0

Utskrivingar frå intensiveininga på vakttid, omfang og årsaker: eit kvalitetssikringsprosjekt

Birte Fjelland, Kristine Bidne, Reidar Kvåle, Britt Sjøbø

Inspira · 22.07.2026 · 21 (1)

DOI: 10.23865/inspira.v21.8050 ↗

Kurz gefasst

Fachartikel in der Zeitschrift Inspira, online erschienen am 22.07.2026. Verfasst von Birte Fjelland und 3 weiteren Autor:innen. Der Volltext ist frei zugänglich (Open Access, CC BY 4.0).

AbstractBibliografische AngabenZitierenVerwandte Studien

Abstract (Originalsprache)

Bakgrunn: Forsking tyder på at det er større risiko for komplikasjonar og død for pasientar som vert utskrivne frå intensiv til sengepost på vakttid. Slik utskriving er difor ikkje ynskjeleg. Det kan vere ulike årsaker til at det likevel skjer, mellom anna kapasitetsutfordringar på sengepost eller intensiveining, eller personalmangel. Føremål: Dette kvalitetssikringsprosjektet kartlegg i kva grad utskriving på vakttid skjedde frå ei generell intensiveining ved eit universitetssjukehus i 2022, kva som karakteriserer desse pasientane, når på døgeret utskrivinga skjedde og om det er dokumenterte årsaker til at utskrivinga skjer på vakttid. Metode: Det er nytta kvantitativ metode med deskriptivt, retrospektivt design. Data om utskrivne pasientar for 2022 er samanlikna og skildra ved hjelp av tre ulike kjelder: elektronisk intensivkurve (ICCA), journal (DIPS Arena) og pasientprotokoll. Resultat: I alt var det 580 pasientopphald ved eininga i 2022. Totalt fann me at 161 pasientar vart flytta frå intensiveininga i live på vakttid. Av desse vart 55 utskrivne til anna intensiv/intermediæreining og 106 vart utskrivne til sengepost. Dei fleste overflyttingane skjedde på sein ettermiddag / tidleg kveld og på dagtid i helg/heilagdagar. Av totalt 161 pasientar utskrivne på vakttid fann me dokumentasjon på at 16 av utskrivingingane skuldast kapasitetsproblem på intensiveininga og tre utskrivingar vart forseinka grunna kapasitetsproblem på sengepost. I 142 tilfelle fann me ikkje dokumentasjon av årsaka til at utskrivinga skjedde på vakttid. Konklusjon: Prosjektet viser at intensivpasientar vert utskrivne på vakttid sjølv om det er frårådd, men at slik utskriving som oftast skjer på ettermiddag / tidleg kveld og på dagtid i helg/heilagdagar. Årsak til at utskriving skjer på vakttid er svært sjeldan dokumentert. ENGLISH ABSTRACT Discharges from the ICU During On-Call Hours, Extent and Causes: A Quality Assurance Project Background: Research indicates that there is a greater risk of complications and death for patients who are discharged from intensive care to ward during on-call hours. Such discharges are therefore not desirable. There can be various reasons why it still happens – ward or intensive care unit capacity issues or staff shortages.

Aim

This quality assurance project investigates to what extent and at what time discharge during on-call hours occurred from a general intensive care unit at a university hospital in 2022, what characterizes these patients, and if there is any documented reason for the discharges during on-call hours.

Methods

Quantitative method with a descriptive, retrospective design has been used. Data of patient discharge in 2022, from three different sources: the electronic ICU curve (ICCA), electronic journal (DIPS Arena) and patient-protocol, have been compared and described.

Results

A total of 580 patient stays were recorded at the unit in 2022. In total, we found that 161 patients were transferred from the intensive care unit during on-call time. Of these were 55 discharged to another intensive / intermediate unit, and 106 were discharged to a ward. Most of the discharges happened during late afternoon / early evening and at daytime in weekends/public holidays. Of the 161 on-call discharges, we found documented that 16 discharges were due to capacity issues at the ICU and three were due to capacity issues at the ward. In 142 cases we found no documentation as to why the discharge took place during on-call hours.

Conclusion

The project shows that intensive care patients are discharged during on-call time despite recommendations against this, but most discharges took place during late afternoon/early evening. Reasons why discharge takes place during on-call time is very rarely documented.

Zitieren

APA

Fjelland, B., Bidne, K., Kvåle, R., & Sjøbø, B. (2026). Utskrivingar frå intensiveininga på vakttid, omfang og årsaker: eit kvalitetssikringsprosjekt. Inspira, 21(1). https://doi.org/10.23865/inspira.v21.8050

Vancouver

Fjelland B, Bidne K, Kvåle R, Sjøbø B. Utskrivingar frå intensiveininga på vakttid, omfang og årsaker: eit kvalitetssikringsprosjekt. Inspira. 2026;21(1). doi:10.23865/inspira.v21.8050

BibTeX
@article{Fjelland2026,
  author = {Fjelland, Birte and Bidne, Kristine and Kvåle, Reidar and Sjøbø, Britt},
  title = {Utskrivingar frå intensiveininga på vakttid, omfang og årsaker: eit kvalitetssikringsprosjekt},
  journal = {Inspira},
  year = {2026},
  volume = {21},
  number = {1},
  doi = {10.23865/inspira.v21.8050}
}
Kostenlos starten →